Husnes er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland med 2 243 innbyggjarar per 1. januar 2023. Attåt å vere den største bygda, er Husnes òg handelssentrum i kommunen. Det er òg ein av dei største tettstadane i Sunnhordland, med 2500 innbyggjarar i sentrum og meir enn 5000 innanfor "Husnes-området".[treng kjelde]

Husnes
tettstad
Husnes
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Areal 2,54 km²
Folketal 2 243  (2023)
Folketettleik 883 / km²
Postnummer 5460 HUSNES
Kart
Husnes
59°51′38″N 5°44′25″E / 59.860556°N 5.740278°E / 59.860556; 5.740278
Wikimedia Commons: Husnes

Historie endre

Av gammalt av veit ein at det har vore bygsla på Husnes sidan vikingtida, og at det har vore uavbroten busetjing minst sidan 1400-talet med gardsdrift. På denne tida var Husnes delt inn i eit knapt dusin større gardar, som saman omfatta det området som i dag utgjer Husnes og Sunde, med delar av Valen. Denne inndelinga og gardsdrifta var gjeldande heilt fram til slutten av 1800-talet, då Husnes opplevde folkeauke og dei første stega av industrialisering, med eige båtbyggjeri og sagbruk. På denne tida, og i dei kommande tiåra, var Husnes ei bygd med eit lågt, men stabilt, folketal, der dei fleste levde av fiske-, skog- eller jordbruk, noko som skulle vare heilt til 50-talet. På denne tida, og fram til 1960-talet låg Husnes sentrum vendt mot sjøen der SØRAL sitt kaiområde er i dag. Der var dampskipskai, utstillingshallar for det årlege fesjået, kolonialbutikk og postkontor.

På slutten av 1950-talet var fleire av dei tradisjonelle næringane ramma av krise, og folketalet gjekk nedover i Husnes-området. Like etter kom det nyoppstarta Sør-Norge Aluminium inn i biletet og sette i gang ei stor utbygging i 1962-65. Dette førte til ei stor omvelting i bygda; areal vart eksproprierte og vegar måtte leggjast om. Der sentrum hadde vore skulle det no byggjast arbeidsplassar i stor skala. Det nye Husnes vart bygt ut i samsvar med rådande teori for tettstadplanlegging på 1960-talet. Alle funksjonane var delte, for at folk skulle sleppe å bu i sentrum nær trafikken, samstundes som skulane òg skulle avskjermast. Det nye Husnes sentrum blei opparbeidd vest for Opsangervatnet, der det framleis ligg i dag, medan skuleområdet vart lagt om lag ein kilometer frå sentrum, mot Sunde.

I løpet av 60- og 70-talet steig folketalet på Husnes monaleg, med stor tilflytting av arbeidarar frå heile verda, særskild frå Nord-Noreg, Sogn og Fjordane, og frå Mellom- og Aust-Europa. Dette førte til at Husnes snart vart eit svært fleirfaldig samfunn, med fleire titals ulike kulturelle grupper på eit ellers lite område, noko som har vore med å forme kulturen i bygda dei siste førti åra. Dette har òg vore med å gjere at dei fleste fastbuande på Husnes i dag stammar frå innflyttarar, og at eit fåtal faktisk er frå Husnes-området.

Samstundes som utbygging og tilflytting tok til på 60- og 70-talet, vart både handel, skule og næringsliv ekspandert for å halde følge. Det første kjøpesenteret på Husnes stod ferdig på 70-talet, og har seinare vorte utbygd fleire gonger, seinast i 2007-2008. Skular vart pussa opp, og i 1979 stod den nye vidaregåande skulen ferdig. Samstundes vart det fleire bedrifter, som var med å skape arbeidsplassar utanfor SØRAL.

I dag er Husnes ei industri- og handelsbygd, med Hydro Husnes framleis som industrisentrum.

Namn endre

Frå gammalt av veit ein at Husnes nar namnet på den halvøya som er avgrensa av Husnesfjella i aust og endar i Bjellandsneset og Rørvikneset i vest.[1] Før var staden delt inn i fleire større gardar og desse gardsnamna, som til dømes Undarheim, vert framleis brukt for å dele tettstaden inn i seksjonar. Først på slutten av 1800-talet vart «Husnes«» tatt i bruk som namn på tettstaden.

Handel og næringsliv endre

Husnes er handelssentrum i Kvinnherad kommune, og ein av dei største handelsstadane i regionen. Husnes Storsenter er Sunnhordlands største kjøpesenter med 53 butikkar, og det største handlesenteret mellom Haugesund og Bergen. Senteret er ei blanding av gammalt og nytt, og hadde nyopning i oktober 2008. I 2009 omsette dei for 545 millionar kroner. Den viktigaste arbeidsplassen i bygda er Sør-Norge Aluminium AS. Verksemda har, per mars 2013, 392 tilsette, men grunna finanskrisa har halvparten gått permitterte i lengre tid.

Andre store bedrifter i bygda er Sandvoll Entreprenør AS, Metro Reklame AS, Lead Inc., HMR Group (tidlegare Husnes Mekk&Rør), Byggern Teigen som har rundt 70 tilsette på Husnes og er representert på tre andre plassar i Noreg, samt i sju land over heile verda.

Kvinnheringen, den største lokale avisa for kommunen, og har hovudbøle på Husnes.

Skule og offentlege etatar endre

I juni 2010 flytta Politiet hovudkvarteret sitt i Kvinnherad frå Rosendal til Husnes. I tillegg finn ein pleieheim, helsesenter med lege og tannlege og eigen brannstasjon. Posten sin distribusjonssentral for Kvinnherad ligg òg på Husnes.

Husnes har eigen barneskule og ungdomsskule, samt vidaregåande skule. Kvinnherad vidaregåande skule stod ferdig i 1979, og hadde i mars 2013 402 elevar og 80 tilsette. I perioden 2009-2011 vart skulen utbygd og modernisert for 104 millionar kroner.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. "Mellom embedsmenn og bygdefolk på Undarheim", Jostein Røstbø, side 14