Kvintett for piano og horn av Mozart
Kvintett i Ess-dur for Piano og Horn, K. 452, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart og gjort ferdig den 30. mars 1784. Stykket hadde premiere to dagar seinare i Det keisarlege og kongelege hoffteateret i Wien.[1] Kort tid etter premieren skreiv Mozart til faren at «eg reknar det som det beste eg har skrive i livet mitt».[1] Stykket er skrive for piano, obo, klarinett, valthorn og fagott. Det består av tre satsar:
- Largo - Allegro moderato
- Larghetto
- Allegretto
K. 452 Pianokvintett av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 30. mars 1784 | ||
Urframføring | 1. april 1784 | ||
Typisk lengd | 23:31 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | Ess-dur |
Denne strukturen liknar ein typisk sonate.
Stykket var til inspirasjon for Kvintett i Ess for piano og horn, Op. 16, av Ludwig van Beethoven, som komponerte denne hyllesta i 1796. Begge nyttar same instrumentering.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Quintet for Piano and Winds (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Berger, Melvin (2001). Guide to Chamber Music. Mineola, New York: Dover. s. 299–300. ISBN 0-486-41879-0.
Bakgrunnsstoff
endre- Quintett in Es fur Klavier, Oboe, Klarinette, Horn und Fagott KV 452: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe