Kvitnes i Berlevåg

Kvitnes er eit fråflytta fiskevær i Berlevåg kommune i Finnmark[1] og er i dag eit hytteområde. Det ligg i Kvitnesbukta, kring 13 km i luftlinje frå Berlevåg sentrum.

Kart

I likskap med Gulgofjorden har ikkje staden vegsamband, men han er tilgjengeleg med båt. Det finst òg ein 6 km lang oppmerka tursti frå næraste bilveg til staden.

Historie endre

På det meste husa fiskeværet 300 menneske og staden hadde før fiskebruk, butikkar og telegraf. Fiskeværet hadde permanent busetjing fram til sommaren 1957[2]. I dag er det gjort om til eit hytteområde.

Referansar endre

  1. «Fiskeværet Kvitnes , fiskeindustri», digitaltmuseum.no, henta 29. desember 2019 
  2. Kystreise (på engelsk), henta 29. desember 2019