Berlevåg
tettstad
Berlevåg
Foto: Gunleiv Hadland
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Berlevåg
Areal 0,7 km²
Folketal 868  (2023)
Folketettleik 1 240 / km²
Postnummer 9980 BERLEVÅG
Innbyggjarnamn berlevåging
Kart
Berlevåg
70°51′28″ N 29°5′10″ E
Wikimedia Commons: Berlevåg (village)

Berlevåg er ein tettstad, eit fiskevær og administrasjonssenteret i Berlevåg kommune nordaust i Finnmark fylke, mindre enn éin halv breiddegrad frå den nordlegste staden i Finnmark.

Tettstaden ligg på nordkysten av Varangerhalvøya ved Barentshavet, inst i ei havbukt ved utløpet av Storelva. Folketalet i Berlevåg er 868 innbyggjarar per 1. januar 2023, som utgjer det aller meste av folketalet i kommunen.[1]

Hurtigruta går innom Berlevåg. Berlevåg lufthavn har daglege avgangar til Hammerfest og Tromsø, i tillegg til Vadsø og Kirkenes. Dei viktigaste næringsvegane er fiske, fiskeforedling, handel, og offentleg og privat tenesteyting.

Frå 1913 til 1975 blei det bygt heile fire moloar for å verne hamna mot bølgjene frå Nordishavet. Etter ein storstorm i 1959 som raserte halvparten av Svartoksenmoloen blei det teke i bruk tetrapodar som ytterdekke på dei to ytste lange moloane.

Då tyskarane trekte seg attende på slutten av andre verdskrigen (frå september 1944 til februar 1945) brukte dei brend jords taktikk og alle bygningar i Berlevåg blei brende ned.

I bøker og på film endre

Berlevåg blei landskjend då filmen Heftig og begeistret som handlar om Berlevåg mannssangforening, fekk stor suksess i 2001. Berlevåg er også kjend frå Karen Blixens roman Babettes gjestebud.

Moloutbygging endre

  • Varnesmoloen blei bygd mellom 1910-1926.
  • Svartoksmoloen blei bygd mellom 1920-1963.
  • Revnesmoloen blei bygd mellom 1964-1974.
  • Varnesmoloen stod ferdig i 1970.
  • Dampskipskaia stod også ferdig i 1974.

Kjelder endre

  1. «Berlevåg». Store norske leksikon. 26. oktober 2017. Henta 1. mars 2017.