Kyrá Panajá (gresk Κυρά Παναγιά), òg skrive Kyra Panagia, Kira Panagia eller Kira Panayia, er ei øy i Hellas i øygruppa Dei nordlege Sporadane. Øya høyrer til kommunen Alónnisos. Etter ei folketeljing i 2011 hadde øya 2 innbyggjarar i samband med klosteret som har gitt øya namn.[1]

Øya vert òg kalla Pélagos eller Pelagonísi, og har tidlegare vore kjend som Évthyros og Polýegos. Bukta nær øya vert kalla Ájos Pétros.

Dei næraste øyane er Joúra i nordaust og hovudøya Alónnisos i sørvest.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra

Koordinatar: 39°20′N 24°04′E