Den norske grunnlova
Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.
§ 1 i Grunnlova etter språkrevisjonen 6. mai 2014.
|
Den norske grunnlova er ei grunnlov som stammar frå 1814. Ho er den høgste rettskjelda i Noreg, og legg grunnlaget for statsforma i landet.[1] Grunnlova, naturretten, konstitusjonell sedvanerett, menneskerettane og internasjonal rett utgjer dei viktigaste fundamenta for norsk statsform, rettsforståing og lovverk.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9e/Grunnloven_1814_plktr_05878.jpg/220px-Grunnloven_1814_plktr_05878.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bb/Plakat_Grunnlova_Nynorsk.jpg/220px-Plakat_Grunnlova_Nynorsk.jpg)
Grunnlova byggjer på folkesuvereniteten som reknar med ein viss samfunnskontrakt mellom folket og dei som styrer, og på maktfordelingsprinsippet mellom dei ulike maktorgana i landet.[2] Ho slår fast at folket legitimerer makta gjennom å utnemna den lovgjevande makta (Stortinget). Lova tek også for seg tilhøvet mellom denne lovgjevande makta, den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).[1]
Den norske grunnlova blei vedteken 16. mai 1814, og er blant dei eldste grunnlovane i verda som framleis er i bruk.[3] Ved stortingsvedtak 6. mai 2014 vart språket i grunnlova omsett frå 1800-tals dansk, slik at det no er to offisielle utgåver av lovteksten - éin på «tidsmessig bokmål» og éin på moderne nynorsk.[4]
Historie
endreKongeriget Norges Grundlov blei vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll den 16. mai 1814 av 112 menn og underskriven den 17. mai.[2] Lova blei sanksjonert av den valde kongen, Kristian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare.[5] Etter ein kortvarig krig med Sverige vart Noreg tvinga inn i personalunion med Sverige og måtte revidere grunnlova i høve til dette 4. november 1814, til den såkalla Novembergrunnlova.[2] Desse endringane blei omgjorde ved oppløysinga av den vel 90-årige unionen 7. juni 1905 – byrjinga på sjølvstendet til det moderne Noreg.
Grunnlova var inspirert av den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og menneskerettserklæringa frå den franske revolusjonen i 1789, og dei påfølgjande amerikanske og franske konstitusjonane. Då ho blei til var den norske grunnlova blant dei mest radikale grunnlovene i Europa.
Språkføring
endreGrunnlova var opphavleg skriven på dansk, og seinare grunnlovsendringar fekk same språkdrakt. Språket blei først modernisert til bokmål og nynorsk i 2014.[2] Ei nynorsk omsetjing av grunnlova vart skriven av Nikolaus Gjelsvik på oppdrag frå Justisdepartementet i 1901. Denne vart fremja som grunnlovsforslag av sju stortingsrepresentantar 15. juni 1906. Dette forslaget vart avvist.
Før 200-årsjubileet for Grunnlova hadde eit utval leidd av Hans Petter Graver utarbeidd framlegg til ny bokmålstekst og nynorsktekst. Desse framlegga vart forkasta av Stortinget med 82 mot 87 røyster. I staden vart ei framlegg på riksmål, utarbeidd av Finn Erik Vinje, vedtatt med 165 mot 4 røyster, samtidig som nynorskteksten frå Graver-utvalet vart vedtatt med 168 mot éi røyst.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Om grunnloven», stortinget.no
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Gisle, Jon, «Grunnloven» (10. mai 2014), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.
- ↑ Berg, Ole T., grunnlov (9. august 2013), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.
- ↑ «Stortinget har vedtatt språklig fornyelse av Grunnloven og en versjon av Grunnloven på nynorsk», Stortinget.no (08.05.2014)
- ↑ «Grunnloven 1814», maihaugen.museum.no
- ↑ «– Ein historisk dag for nynorsken«, Framtida (6. mai 2014); «Grunnlovsforslag om en nynorsk versjon av Grunnloven», Stortinget.no
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreWikikilden:Grunnloven på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Den nynorske lovteksten som vart vedteken 6. mai 2014
- Den gjeldande grunnlova frå Lovdata sine nettsider
- Den opphavlege grunnlova (17. mai 1814) frå Stortinget sine nettsider
- Digital utgåve av originaldokumentet frå 17. mai 1814 på Stortinget sine nettsider
- Rapport fra Grunnlovsspråkutvalget om utarbeidelse av språklig oppdaterte tekstversjoner av Grunnloven på bokmål og nynorsk. Frå 17. september 2012, Stortinget.no