Kyrkjemøtet i Konstanz

Kyrkjemøtet i Konstanz, eller Konstanz-konsilet, var eit kyrkjemøte halde i Konstanz i Tyskland i tida 1414-18.

1400-tals framstilling av kyrkjemøtet og leiaren av møtet, keisar Sigismund

Møtet tok til 5. november 1414 kom i stand for å løyse vanskane den romersk-katolske kyrkja hadde med tre rivaliserande pavar. Den tyske keisaren Sigismund var den drivande krafta bak kyrkjemøtet, eit møte som hevda det stod over paven og som avsette dei tre pavane og i staden valde Martin 5. til ny pave. Avrøystingane gjekk føre seg såkalla nasjonsvis, fem ulike «nationes» avgjorde valet. Ordninga var laga for å hindre at dei italienske utsendingane skulle ha reint fleirtal, noko dei hadde på det førre kyrkjemøtet.

Kyrkjemøtet i Konstanz dømde John Wycliffe, Jan Hus og Hieronymus frå Praha til vranglærarar. Jan Hus og Hieronymus var begge til stades på møtet i Konstanz. Etter dei var dømde, i høvesvis 1415 og 1416, vart dei begge brende til døde.

Kyrkjemøtet vart avslutta 22. april 1418.

Kjelder endre