Konstanz er ein by heilt sør i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 85 000 innbyggjarar ved den vestlege breidda til Bodensjøen og grensa til Sveits.

Konstanz
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Freiburg
Landkreis Konstanz
Høgd 405 m
Areal 54,11 km²
Folketal 85 770 (31. desember 2023)
Grunnlagd Rundt år 100 e.kr.
Postnummer 78462–78467
Retningsnummer 07531, 07533
Bilnummer KN
Kart
Konstanz
47°39′48″N 9°10′31″E / 47.663333333333°N 9.1752777777778°E / 47.663333333333; 9.1752777777778
Wikimedia Commons: Konstanz
Utsyn over byen.

Konstanz ligg ved elva Rhinen, som renn gjennom Bodensjøen.

Historie

endre

Dei første spora etter siviliasjon i Konstanz går tilbake til seint i steinalderen.

Rundt år 100 slo romarar seg ned i her, og namnet, som opphavleg var Constantia, kom frå keisar Constantius Chlorus som kjempa mot alemannarane i området og bygde festningsverk i byen.

Rundt 585 kom den første biskopen til Konstanz og markerte starten på byen som eit andeleg senter.

Konstanz eigde den einaste brua over Rhinen i området, og blømde som ein handelsstad i løpet av mellomalderen. Lin som vart produsert i byen fekk internasjonalt rykte og byen vart velståande. I 1192 fekk Konstanz status som fri keisarby, og var derfor direkte underlagt keisaren.

I 1414–1418 fann rådet i Konstanz stad. Under eit av desse, den 6. juli 1415 vart Jan Hus, som av kyrkja vart sett på som ein trugsel mot kristendommen, brend på bålet. Det var her Det vestlege skismaet vart enda og pave Martin V vart vald under den einaste konklaven halde nord for Alpane. Konzilgebäude der konklaven vart halde kan ein framleis sjå i dag.

I 1460 erobra Det sveitsiske edsforbundet Thurgau, området rundt Konstanz. Konstanz prøvde så å få verte ein del av Sveits, men skogkantonane stemde imot sidan dei frykta at bykantonane ville få for mykje makt. Konstanz vart dermed med i Det schwabiske forbundet. I den schwabiske krigen i 1499 mista Konstanz alle privilegia sine.

Reformasjonen gjorde sitt inntog i Konstanz i 1520-åra, leia av Ambrosius Blarer, og like etter erklærte byen seg offisielt for protestantisk. Biskopen vart då mellombels flytta til Meersburg, ein liten by på andre sida av innsjøen. Byen følgde først Confessio Tetrapolitana, og så Confessio Augustana. I 1548 gjorde Keisar Karl V byen Reichsacht (fredlaus) og byen måtte overgje seg til Habsburgmonarkiet som med ein gong gjekk til åtak på byen. Konstanz mista dermed statusen sin som fri keisarby.

Habsburgherskarane ville gjeninnføre katolismen i byen, og opna eit jesuittuniversitet her i 1604. Teateret som følgde med, bygd i 1610, er det eldste teateret i Tyskland som framleis er i dagleg drift.

I 1821 vart bispedømet Konstanz oppløyst og vart ein del av erkebispedømet Freiburg.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Konstanz