Låg frekvens
Langbølge viser ofte til den delen av LF-frekvensområdet (30–300 kHz) som overfører kommersielle AM-kringkastingssendingar.[1] Desse er i området frå 153 kHz til 279 kHz i Europa og store deler av verda.
Bølgelengda er mellom 1 km og 10 km.[1]
Fram til 1995 vart NRK P1 send over langbølge frå ein sender på Kløfta utanfor Oslo. Den einaste norske langbølgesendaren i 2017 var Ingøy kringkaster, som sende på 153 kHz.[2]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Stokke, Knut N. (1994). Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon. Vett & Viten. s. 3,37. ISBN 8241201796.
- ↑ «Norske AM kringkastningsendere 1923–2016». Henta 11. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Langbølge» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2017.