Amplitudemodulasjon

Amplitudemodulasjon (AM) er ein modulasjonsteknikk der amplituden til ei berebølgje varierer direkte proporsjonalt med signalet som vert modulert.

Ved AM vert det sendt ei berebølge som er ein rein radiofrekvens. Når berebølgja vert modulert med lyd, vert det danna radiosignal til sida for berebølgja som ein kallar sideband. Ein tone på 1000Hz dannar eit radiosignal i sidebanda 1000Hz over og under frekvensen til berebølgja[1]. Begge sidebanda inneheld all lydinformasjon, så det er mogeleg å dempa bErebølgja og det eine sidebandet. Då vert signalet enkelt sidebandmodulering (engelsk Single Sideband, forkorta SSB).

Animasjon av lyd, AM og FM-modulerte bærebølger.
Fig 1: Eit lydsignal (øvst) kan bErast av ei berebølgje med amplityde- eller frekvensmodulering.

Ved amplitudemodulasjon vil støy som lyn og gneistar høyrast godt i mottakaren, medan slik støy vert dempa ved frekvensmodulasjon.

Amplitudemodulasjon var tidlegare mykje brukt som modulasjonsteknikk for mellom anna kringkastingkort-, mellom- og langbølgje. Over heile verda er det ein tendens til at AM-sendarane på mellombølgje vert erstatta av FMVHF og nyare digitale radioformat som DAB+ og nettradio.


Referansar endre

  1. http://www.aminharadio.com/radio/files/Artigo-Revista-PCP-USA.pdf


Sjå òg endre

Kjelder endre