Lækjeveronika (Veronica officinalis) er ei fleirårig urt i kjempefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han er heimleg i Noreg og er vanleg i heile landet til Finnmark.

Lækjeveronika
Lækjeveronika
Lækjeveronika
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Lækjeveronika V. officinalis
Vitskapleg namn
Veronica officinalis

Lækjeveronika er ei om lag 10 cm høg plante med ein krypande stengel med opprett topp. Klasen kan bli toppstilt når den trengjer det korte toppskottet til side. Planten har grågrøne stivhåra blad. Klaseskaft, blomsterskaft og beger er kjertelhåra. Krona er fiolett eller blå og 6 mm brei. Kapselen er lengre enn begeret. Lækjeveronika blømer kring juni i turre mosegrodde bakkar og skogkantar. Arten er funnen opp til over 1200 m høgde i Lom.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 942. 
  • Svensk Wikipedia.