Lærdal prestegard

prestegard i Lærdal kommune

Koordinatar: 61°03′34″N 7°30′56″E

Lærdal prestegard eller Tønjum gard ligg nordvest for Tønjum kyrkje. Tidlegare skal det ha vore prestegard på nordsida av Lærdalselva, men ein trur Tønjum har vore prestegard sidan 1600-talet.

Foto: Ina Backer / Riksantikvaren

På prestegardstunet står sju freda bygningar: hovudbygningen (våningshuset), ei borgstove, eit stabbur, eit kornbur, ein driftsbygning, eit vedskjul og eit vognskjul. Det siste vert av Riksantikvaren omtala som «etterreformatorisk», medan dei øvrige bygningane vert daterte til 1800-talet.

Hovudbygningen vart oppført rundt 1826 og ombygd i 1902. Då vart stilpreget endra frå rokokko til sveitser, men fleire opphavelege bygningsdetaljar skal vere tekne vare på. Bygningen har liggjande panel og bratt saltak.

Prestegardstunet seiast hos Opplysningsvesenets fond å utgjere eit bygningsmiljø av stor antikvarisk verdi. Prestegardsjorda er fortsatt eigd av OVF, men drifta er forpakta ut.

KjelderEndra