Tønjum kyrkje

kyrkje i Lærdal kommune

Tønjum kyrkje står i bygda Tønjum i Lærdalen, i Lærdal kommune i Vestland og er frå 1832.

Tønjum kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Lærdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Tønjum
Fellesråd Lærdal
Stad Tønjum
Arkitekt Ukjend[1]
Teknikk Tømra
Innvigd 30. september 1832[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 175[1]
Kart
Tønjum kyrkje
61°3′26″ N 7°31′0″ E
Wikimedia Commons: Tønjum kirke
Detalj av portalen frå den nedblesne Tønjum stavkyrkje. No teken vare på på museum.
Foto: Nina Aldin Thue
Kyrkja var tidlegare kvit.
Foto: kirkenorge.no

Ho er i tre og har ei slags mellomform mellom krosskyrkje og langkyrkje.[1]

Ein trur ho fekk denne utforminga for at ho skulle kunne tole vinden på staden. Den førre kyrkja, som var ei stavkyrkje frå 1200-talet, bles nemleg ned i 1823. Grunnen til at det tok ni år frå dei miste gamlekyrkja til den nye vart bygd var at soknepresten meinte at ny kyrkje skulle byggjast midt i bygda. Sjølv om så godt som alle var usamde med han, sette han seg so på bakbeina at det ikkje vart bygd noko ny kyrkje før etter at han var død i 1831.[1] Ein veit ikkje kven som har teikna kyrkja.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Tønjum sokn i Sogn prosti. Prestegarden ligg nordvest for kyrkja.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre