Læreboknormalen var fram til 2012 ei trongare norm enn rettskrivinga. Hovudformålet med læreboknormalen er å få ei mest mogeleg einsarta skriftnorm i lærebøkene i skolen. Læreboknormalen har òg vore norm for språket i NRK og i statsforvaltinga. Til læreboknormalen høyrer eineformer, jamstilte former og hovudformer, medan sideformer som i ordlistene er sett i [klammar], er godkjend rettskriving som ikkje ligg innanfor læreboknormalen.

Prinsippet med eit skilje mellom læreboknormal og godkjend rettskriving har følgd rettskrivingsreformene av 1907, 1917 og 1938. Bakgrunnen var at stor valfridom i den offisielle rettskrivinga kunne medføre vanskar i norskundervisninga; elevane burde møte ei fastare norm i skolebøkene.

Læreboknormalen i bokmålEndra

I 1959 vedtok Stortinget ein ny læreboknormal som bygde på rettskrivinga av 1938. Læreboknormalen vart endra noko i konservativ lei på 1980-talet. I 2005 vart læreboknormalen oppheva i bokmål, og skiljet mellom hovudformer og sideformer var borte. Samtidig vart rettskrivingsnorma stramma inn, ved at ein del tilnærmingsformer (folkemålsformer) vart tekne ut or ordlistene.

Læreboknormalen i nynorskEndra

På årsmøtet i Norsk språkråd i februar 1997 vedtok nynorskseksjonen nye prinsipp for normeringa av nynorsk:

  • 1 Nynorsknormalen skal ha ein trong læreboknormal, men ei rettskriving med stor valfridom.
  • 2 Det skal ikkje vera valfridom innanfor læreboknormalen utanom på dei mest sentrale punkta der det er både skrifttradisjon for valfridom og svært god talemålsdekning for to hovudformer.
  • 3 Hovudgrunnlaget for val av lærebokformer skal vera den nynorske skrifttradisjonen.

I 2005 var det gjort framlegg om å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer, men i nynorsk rettskriving valde departementet å halde på læreboknormalen fram til 1. august 2012.

Læreboknormalen – eit rettare språk?Endra

Det vil vera gale å seie at norsk innanfor læreboknormalen gir eit betre språk enn eit språk innanfor dei vidare rettskrivingsnormene. Men læreboknormalen hjelper språkbrukarane til ei meir konsekvent språkføring.