Ein lærling er ein person som etter opplæring på vidaregåande skule er i praksis i ei verksemd. Verksemda må vera godkjend for å læra opp folk i det aktuelle faget. I dei fleste fag er læretida to år, og vert avslutta med fag- eller sveineprøve. Om ein står på prøven, får ein fag- eller sveinebrev.

Under læretida får lærlingen løn. Løna er svært låg i byrjinga, men stig kvart halvår, og nærmar seg løna til ein fagarbeidar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.