Fagbrev er eit kompetansebevis ein får etter å ha fullført utdanning innan ei yrkesfagleg studieretning. For å få fagbrev, må ein gjennomføra ein fagprøve, der ein viser at ein kan det som krevst for å kunna jobba innan det faget.

Utdanningsløpet fram til fagarbeidar er vanlegvis to år på yrkesskule og to år som lærling. Eit alternativ for folk som ikkje har gått på yrkesskule og ikkje har rett til vidaregåande opplæring, er å ta fagbrev som praksiskandidat. Då tek ein yrkesskuleeksamenane for det faget ein vil ta fagbrev i, og må dokumentera minst fem års praksis innan faget, før ein kan ta fagprøven.

Bakgrunnsstoff endre

NOKUT

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.