Lütschine
Lütschine er ei elv i Berner Oberland i Sveits.
Ho renn frå Zweilütschinen, der to kjeldeelvar renn i hop. Ho har ei lengd på 8,6 km og renn gjennom Bödeli og ut i Brienzersee ved Bönigen.
Dei to kjeldeelvane er den 12,3 km lange Schwarze Lütschine frå Grindelwald og den 13,1 km lange Weisse Lütschine frå Lauterbrunnendalen.
I tidlegare tider sa folket i Lauterbrunnendalen at folket i Grindlewalddalen var så skitne at dei gjorde elva (Schwarzelütschine) svart når dei vaska seg. Dei tok att med å seie at folket i Lauterbrunnen aldri vaska seg og elva (Weisselütschine) derfor alltid var så kvit.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lütschine» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.