Louis Guillaume Le Monnier

fransk fysikar
(Omdirigert frå L. G. Lemonnier)

Louis-Guillaume Le Monnier (stundom skriven Lemonnier) (27. juni 17177. september 1799) var ein fransk naturvitar.

Louis Guillaume Le Monnier

Fødd27. juni 1717
Paris
Død7. september 1799
Versailles
NasjonalitetFrankrike
Områdebotanikk
Yrkefysikar, botanikar, universitetslærar, Encyclopédistes, lege
InstitusjonarCollège de France
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Han var fødd nær Vire som son av Pierre Le Monnier (1675–1757), som sjølv var vitskapsmann og medlem av Det franske vitskapsakademiet.[1] Den eldre broren til Louis-Guillaume var astronomen Pierre Charles Le Monnier.[2]

Louis-Guillaume Le Monnier arbeidde innan fysikk, geologi, medisin og botanikk. I 1739 deltok han på ekspedisjonen til César-François Cassini de Thury og Nicolas Louis de Lacaille for å strekkje meridianen til Paris og dokumentere gruver og geologien og botanikken langs ruta.[1] Same året byrja han å arbeide på sjukehuset i Saint Germain en Laye som lækjar. Han forska på elektriske fenomen og sende straum frå eit Leydenglas gjennom ein leidning som var kring 1850 meter lang, og konkluderte med at straumen forplanta seg augneblikkleg i leidningen.[3] Den seinare forskinga hans på elektriske fenomen omfatta torevêr og «finvêrstilhøve».[4]

Publikasjonane var:

  • Leçons de physique expérimentale, sur l'équilibre des liqueurs et sur la nature et les propriétés de l'air (1742).
  • Observations d'histoire naturelle faites dans les provinces méridionales de France, pendant l'année 1739 (1744).
  • Recherches sur la Communication de l'Elektriskité (1746).
  • Observations sur l'Elektriskité de l'Air (1752).

Kjelder

endre
  • 1,0 1,1 Cuvier, G.: Éloge historique de Lemmonier, 1800-10-07.
  • Crépel, P.: "La 'physique' dans l'Encyclopédie", Recherches sur Diderot et sur l'Encyclopédie, numéro 40-41, 2006. ISSN 1955-2416.
  • Le Monnier, L.-G.: "Recherches sur la Communication de l'Elektriskité", Histoire de l'Académie royale des sciences (1746), s. 477ff.
  • Le Monnier, L.-G.: "Observations sur l'Elektriskité de l'Air", Histoire de l'Académie royale des sciences (1752), s. 233ff.