Langspelplate
(Omdirigert frå LP Record)
Ei langspelplate var opphavleg ei mono mikrorilleplate, med diameter på 25 eller 30 cm og rotasjonshastigheit på 33 1/3 o/min. Stereoplater med diameter på 25 eller 30 cm og rotasjonshastigheit på 33 1/3 har omlag same speletid som mono mikrorilleplater og vert rekna som langspelplater. Mikrorilleplater med diameter 18 cm og rotasjonshastigheit 45 o/min, derimot, har for stutt speletid til at dei vert kalla langspelplater.