La Pérouse-sundet

La Pérouse-sundet er eit sund som går mellom sørsida av den russiske øya Sakhalin og nordsida av den japanske øya Hokkaidō, og som knyter Japanhavet i vest til Okhotskhavet i aust. Sundet er 40 km lang og 20-40 meter djupt.

La Pérouse-sundet sett frå Kapp Sōya på Hokkaido

Sundet er kalla opp etter Jean-François de Galaup, comte de La Pérouse (Greven av La Pérouse), som utforska sundet i 1787.[1]

Kjelder

endre
  1. sakhalin.ru, arkivert frå originalen 25. mars 2008, henta 3. november 2008 

45°43′20″N 142°01′36″E / 45.72222°N 142.02667°E / 45.72222; 142.02667