Okhotskhavet
hav
Land  Russland,  Japan
Del av Stillehavet
Kart
Okhotskhavet
55° N 150° E
Kart over Okhotskhavet.
Kart over Okhotskhavet.
Kart over Okhotskhavet.
Wikimedia Commons: Sea of Okhotsk

Okhotskhavet (russisk Охотское море, Okhotskoje More) er eit randhav vest i Stillehavet mellom Kamtsjatkahalvøya i aust, Kurilane i søraust, Hokkaidō lengst sør og Sakhalin i vest, med eit langt stykke av kysten av Aust-Sibir (inkludert Sjantarøyane) i vest og i nord. Havområdet er kalla opp etter Okhotsk, den første russiske busetnaden i Russiske Fjernausten.

Geografi endre

Is-sightseeing i Okhotskhavet på «Aurora II».

Okhotskhavet grensar til Japanhavet på kvar side av Sakhalin, i vest gjennom Sakhalinbukta og Tartarbukta, og i sør via La Pérouse-sundet.

Om vinteren er det vanskelege tilhøve for skipsfart i Okhotskhavet eller til og med umogeleg på grunn av store isfjell. Dei store mengdene med ferskvatn som vert tilført havet frå elva Amur gjer havet mindre salt og hevar frysepunktet til havet. Fordelinga og tjukkleiken til isfjella er avhengig av mange faktorar som forskjellige område av havet, tid på året, havstraumar og temperaturen i havet.

Bortsett frå Hokkaido i Japan, er heile havet omgjeve av russiskstyrte område, og på grunn av dette vert Okhotskhavet generelt rekna som eit russisk hav.

Øyar endre

Nordlege pelsselarTiulenij, ei av dei mindre øyane i Okhotskhavet .

Nokre av øyane som avgrenser Okhotskhavet i sør, som Hokkaido og Sakhalin, er særs store. Nesten alle øyane ligg anten ved kysten eller høyrer til øygruppa Kurilane. Ionøya er den einaste øya i havet som ligg isolert i ope hav. Dei fleste øyane i Okhotskhavet er ikkje busette, og er ideelle hekkestader og ynglestader for fuglar og sjødyr.

Historie endre

Japansk ukiyo-e frå Kurilane frå 1893.

Dei russiske utforskarane Ivan Moskvitin og Vassilij Pojarkov var dei første europearane som vitja Okhotskhavet og øya Sakhalin i 1640-åra. Den første og fremste russiske busetnaden ved kysten var hamnebyen Okhotsk og han var den viktigaste handelsstaden i området før Ajan tok over i 1840-åra. Det russisk-amerikanske selskapet hadde monopol på kommersiell skipsfart på havet på første halvdel av 1800-talet.

Den andre Kamtsjatkaekspedisjonen under Vitus Bering kartla systematisk heile kysten av havet frå 1733 og framover. La Pérouse og William Robert Broughton var dei første ikkje-russiske europeiske utforskarane som skal ha segla over havet. Ivan Krusenstern utforska austkysten av Sakhalin i 1805. Mamija Rinzo og Gennady Nevelskoj avgjorde at Sakhalin faktisk var ei øy skild frå fastlandet av eit smalt sund. Den første detaljerte rapporten om hydrologien til havet vart gjeve ut av Stepan Makarov i 1894.

Under den kalde krigen var Okhotskhavet åstad for fleire suksessrike amerikanske marineoperasjonar, mellom anna Operasjon Ivy Bells for avlytte den sovjetiske marinen sine undersjøiske kommunikasjonskablar. Havet var òg åstad for det sovjetiske åtaket på ei koreansk sivilt fly i 1983. Den sovjetiske stillehavsflåten nytta Okhotshavet som ein bastion med undersjøiske ballistiske missilar, ein strategi Russland held fram med i dag.

Det finst ikkje eit tradisjonelt japansk namn på havet, trass i at det ligg så pass nær Japan, og vert kalla Ohōtsuku-kai (オホーツク海), som er ein transkripsjon av det russiske namnet. I tillegg vert Abashiri underprefektur, delen av Hokkaido som vender mot havet, ofte kalla regionen Okhotsk (オホーツク地方 Ohōtsuku-chihō), etter havet.

Amerikanarane dreiv mykje kvalfangst i Okhotskhavet på 1800-talet. Skip segla frå Massachusetts rundt Sør-Amerika til Okhotskhavet deri dei fanga kval før dei reiste tilbake til austkysten av USA. Heile reisa tok om lag tre år, men mange la ut på reisa likevel på grunn av den enorme verdien til olja i kvalspekket.

Oljereservar endre

Det finst tjueni soner der det kanskje finst olje og gass i Okhotskhavet. Det er estimert at reserva inneheld 1,2 milliardar tonn olje og 1,5 milliardar kubikkmeter gass.[1].

Hamnebyar endre

Hamna i Wakkanai.

Kjelder endre

  1. Magadan oblast Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. frå Kommersant, Vitja 8. august 2008.


Koordinatar: 54°16′07″N 148°33′26″E