La Passione
Filmmusikkalbum av Chris Rea
Utgjeve 1996
Lengd 54:50
Selskap East West
Produsent Chris Rea
Chris Rea-kronologi 
The Best of Chris Rea
(1994)
La Passione The Blue Cafe
(1998)


La Passione er ein britisk dramafilm frå 1996, skriven og produsert av Chris Rea, og regissert av John B. Hobbs, med Sean Gallagher, Paul Shane og Shirley Bassey i rollene. Filmen hadde premiere 14. november 1996 under BFI London Film Festival. Rea sjølv har ei lita rolle i filmen og skreiv musikken til filmen.

Filmen endre

Filmen vart vist i fem britiske byar frå 16. mai 1997.[1] Filmen er ei soge om ein ti år gammal gut frå nord, sonen til ein italiensk immigrantfamilie som lagar iskrem, og som gjennom heile livet er besett av billøp og særleg racerkøyraren Wolfgang Von Trips, som omkom i sin Ferrari 156 under Monza Grand Prix i 1961.[1][2]

Filmen er delvis inspirert av barndomen til Rea.[1] Rea sa at «alle har ein Von Trips i livet sitt ... for somme skjedde det gjennom fotball eller filmar - ein dag då dei uskuldige tankane til ein liten gut brått får all slags nye inntrykk».[1]

Rea ønskte i starten å regissere filmen sjølv, men Warner Vision, som var distributør for filmen, nekta han dette og hyrte John B. Hobbs, ein pensjonert fjernsynsregissør.[1] Studiosjefane prøvde å gjere den enkle soga hans om ein barndomsfantasi til noko anna, noko som skuffa Rea.[1] Rea sa at «det vart lagt ned mykje hardt arbeid ned i La Passione, og mykje sorg, fordi eg hadde spesifikke idear om korleis filmen skulle bli, og alle andre hadde andre idear, som ikkje eg ønskte. Saken min var om korleis fantasiar opptrer, om lidenskap, og korleis nyte dei».[1]

Filmmusikk endre

I filmmusikken syng Shirley Bassey vokal på to songar. Filmmusikken er blitt spelt inn på ny i nyar år,[3] og kan kanskje kome ut på ny.[4]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Chris Rea.

Nr.TittelLengd
1.«La Passione (Film Theme)»4:55
2.«Dov'è II Signore?» (vokal Toby Draper, spelt inn i The Mill Studios Cookham 23/11/93)6:04
3.«Shirley Do You Own a Ferrari?» (vokal Chris Rea/Shirley Bassey))4:43
4.«Girl in a Sports Car»5:16
5.«When the Grey Skies Turn to Blue»3:43
6.«Horses»3:05
7.«Olive Oil»4:26
8.«Only to Fly»5:42
9.«You Must Follow»5:29
10.«'Disco' La Passione» (vokal Shirley Bassey)4:57
11.«Dov'è II Signore? Pt. 2» (vokal Toby Draper)2:31
12.«Le Mans» 

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 John Walsh (3 Mai 1997). «The reluctant rocker». The Independent. Henta 12. november 2015. 
  2. «La rockstar Chris Rea fa un film sulla Ferrari» (på italiensk). Corriere della Sera. 21 April 1996: 28. Henta 29. desember 2015. 
  3. Graham Young (5 November 2014). «Chris Rea says Birmingham NIA gig will be a 'holiday' from fighting pancreatic cancer». Birmingham Post. Henta 29. desember 2015. 
  4. «New CD/DVD/Book package in February 2015?». chris-rea.co.uk. Arkivert frå originalen 18. mars 2016. Henta 29. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

La passione ved IMDb