La Pedriza er ei fjellkjede i Spania. Ho ligg på sørsida av fjellkjeda Sierra de Guadarrama. Området har tilkomst frå Manzanares el Real, ein kommune nordvest for regionen Madrid (Spania). Ho er ein av dei største granittkjedene i Europa og har mange fjelltoppar, klipper, elvar og enger.

La Pedriza.
La Pedriza om vinteren

Geologiske krefter har skapt eit felt med kampesteinar av eroderte granittutspring. Det finst nesten tusen klatreruter av alle gradar for fjellklatrarar i området. Fjella er òg populære for fjellturar, særleg i helgene.

La Pedriza dekkjer om lag 32 km² og ligg innanfor regionparken Manzanares, den største parken i regionen Madrid. I denne sona er det lite vegetasjon, men ein del middelhavskratt som solrose og ymse alpine variantar av erteblomar. Dyrelivet er rikt på rovdyr, og her finst over 100 gribbepar som hekkar, den største kolonien i Madridområdet.

Panorama over La Pedriza.

Bakgrunnsstoff endre