Rovpattedyr

pattedyrorden
(Omdirigert frå Rovdyr)
For «rovdyr» i tydinga «predator», sjå predasjon.
Rovpattedyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Bowdich, 1821

Rovpattedyr eller rovdyr (Carnivora) er ein orden av pattedyr[1] som hovudsakleg jagar og et andre dyr. Det finst om lag 260 slag rovpattedyr. Alle stammer frå eitt dyreslag, kalla Miacis, som levde for om lag 50 millionar år sidan. Dei har liknande hovudform, rundt med ein kjegleforma snute og tydelege hjørnetenner og rovtenner.

Malaybjørn er eit asiatisk rovpattedyr.
Kvalross er eit polart rovpattedyr.

Tidlegare pleide ein å dela rovpattedyra inn i to underordenar, Fissipedia, eller dei som stort sett levde på land, og Pinnipedia, av kjøtetande havpattedyr. Nyare klassifiseringssystem som ser meir på det genetiske slektskapet mellom dyra har delt dei inn i to nye grupper, katteaktige rovpattedyr (Feliformia) og hundeaktige rovpattedyr (Caniformia).

Dei fleste rovpattedyra er som sagt kjøtetarar, men mange kan òg ta til seg annan kost.[2]Kjempepandaen et berre plantar. Fordelen med å eta kjøt er at dei utnyttar ei nisje av næringsrike bytte. Ulempa er at å fanga og drepa desse dyra krev mykje energi. Rovdyra må altså alltid vurdera om det å jaga eit byttedyr vil føra til at det vinn eller tapar energi.

Det er ganske sjeldan at rovdyr jagar andre rovdyr. For det første finst det alltid færre kjøtetarar enn planteetarar i eit område, og for det andre er rovdyr utstyrte til å forsvara seg. For mange rovdyr kan sjølv små skader vera livstrugande, ettersom dei hindrar dyra frå å jakta.

Oversyn over rovpattedyra endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Orden Carnivora». Artsdatabanken. Henta 26. mai 2018. 
  2. Kjetil Bevanger. «Rovpattedyr Carnivora». Artsdatabanken. Henta 26. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rovpattedyr