La Verna
La Verna eller Monte Penna er eit isolert fjell på 1 283 meter over havet sentralt i Toscana i Appenninane ovanfor dalen Casentino i Italia. Staden er særleg assosiert med Frans av Assisi og det var her han skal ha fått stigmataen sin. Heilagdomen La Verna vart bygd her og tileigna han. Administrativt er fjellet ein del av provinsen Arezzo og kommunen Chiusi della Verna.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: La Verna
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen La Verna frå Engelsk Wikipedia .