Laber bris er kategori 4 i Beaufortskalaen og er den midtre av briskategoriane. Vindsnøggleiken er då 5,5-7,9 m/s eller 20-29 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken merseils kuling.

Verknaden til laber bris på sjøen.

Verknad endre

På land endre

Vinden løfter støv og lause papir, rører kvister og smågreiner og strekk større flagg og vimplar.

Til fjells endre

Laber bris er ubehageleg i kaldt vêr og gjev merkbar motstand. Snødrevet mot ansiktet er særs sjenerande.

Til sjøs endre

Bølgjene vert lengre (høgd 1-2 m) Ein del skumskavlar.

Andre språk endre

Språk Namn
Svensk Måttlig vind (på land), frisk bris (til sjøs)
Dansk Jævn vind
Færøysk Andøvsgul
Islandsk Stinningsgola
Engelsk Moderate breeze

Kjelder endre

«laber bris» i Store norske leksikon, snl.no.