Hinnelabyrint
(Omdirigert frå Labyrinthus membranaceus)
Hinnelabyrinten (av latin labyrinthus membranaceus) er ein struktur av væskefylte røyr og kammer i det indre øyret som inneheld sanseceller for balanse og høyrsle. Den ligg inni beinlabyrinten og har den same formen, men er mykje mindre og er delvis skild frå beinveggane av ei væske kalla perilymfe.[1] Nokre plassar er den festa til veggane i hòla.
Hinnelabyrinten inneheld ei væske kalla endolymfe.[1] Veggane i hinnelabyrinten er fôra med distribusjonar av likevektshøyrenerva. På innsida av vestibulum auris mistar hinnelabyrinten noko av forma til knokkelhòla, der den er samansett av to membransekkar, utriculus og sacculus.
I hinnelabyrinten finn ein sansecellene i det indre øyret, såkalla hårceller.
Kjelder
endre- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Membranous labyrinth» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «hinnelabyrint». Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Norsk landbruksordbok. Arkivert frå originalen 16. februar 2015. Henta 16. februar 2015.