Høyrsel eller høyrsle er ein sans som går ut på å oppfatta lydbølgjer ved hjelp av eit organ som øyret. I virveldyr som mennesket høyrer ein hovudsakleg ved at øyret fangar opp vibrasjonar og omformar dei til nerveimpulsar som så blir oppfatta av hjernen.

Eit eldre ektepar lytter til ein grammofon. Edison Records-reklame frå 1905.

Ein studerer høyrsle innan audiologi og psykoakustikk, der det førstnemnde hovudsakleg tek for seg dei fysiologiske sidene og det sistnemnde dei psykologiske sidene ved høyrsleopplevinga. Høyretersklane til ein person på ulike frekvensar kan ein måla med audiometri.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.