Lacul Vulturilor
Lacul Vulturilor (rumensk for «Ørnesjøen», òg kalla Lacul Fără Fund, Den botnlause innsjøen) er ein bresjø i Buzăufjella sørvest i Karpatane i Romania. Han ligg i ei høgd på 1420 meter over havet, og den næraste byen er Siriu.
Lacul Vulturilor | |||
innsjø | |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Bresjø | ||
Høgd over havet | 1420 moh. | ||
Areal | 0,009 km² | ||
Største djupn | 2,5 m | ||
Koordinatar | 45°30′31″N 26°8′8″E / 45.50861°N 26.13556°E | ||
Byar | Siriu | ||
Lacul Vulturilor 45°30′31″N 26°08′08″E / 45.508611111111°N 26.135555555556°E |
Namn
endreNamnet kjem frå ei segn skriven ned av Alexandru Vlahuță i verket hans România pitorească. Segna fortel at om våren kjem ørner til innsjøen for å lære ungane sine å fly, og at ved å drikke vatnet i innsjøen vert ørnene yngre.
Innsjøen vert òg kalla Den botnlause innsjøen sjølv om han ikkje er djupare enn 2,5 meter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lacul Vulturilor» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.