Lady Franklinfjorden
Lady Franklinfjorden er ein fjord på nordvestsida av Nordaustlandet på Svalbard. Han strekkjer seg om lag 30 km sørover til munningen av Franklinbreane, som går i hop her.
Fjorden har innløp mellom Purchaneset på Lågøya i vest og Kapp Hansteen i aust. Fjorden ligg mellom Lågøya i vest og Botniahalvøya i aust. Mellom Nordaustlandet og Lågøya ligg Franklinsundet. Aust for Botniahalvøya ligg Brennevinsfjorden.