Lahinja er ei elv i Bela Krajina, heilt søraust i Slovenia. Ho er 33,4 km lang og spring ut frå fleire karstkjelder mellom landsbyane Knežina, Belčji Vrh og Mali Nerajec.

Lahinja
elv
Lahinja, 2006
Land  Slovenia
Lengd 33,4 km
Kjelde Bela Krajina
 - høgd 163 moh.
Munning Kolpa
 - høgd 144 moh.
Kart
Lahinja
45°38′00″N 15°18′00″E / 45.633333333333°N 15.3°E / 45.633333333333; 15.3
Wikimedia Commons: Lahinja

Den øvre delen av elva renn nordover gjennom eit smalt og grunt elveleie som er ganske slakt. Alle dei store sideelvane hennar kjem frå venstre, og alle spring ut frå karstkjelder. Ved Dragatuš, mottar ho Podturnščica og ved Črnomelj kjem Dobličica. Frå Podturnščica vert Lahinja smalare og og opp til 20 meter djup med mange svingar. Nær ein av svingane står Gradac-borga. Frå Črnomelj til Gradac har elva ingen sideelvar på overflata, og nedanfor Gradac mottar ho den vassrike og raske Krupa. Etter ho renn saman med Krupa vender ho Lahinja austover. Lahinja munnar ut i Kolpa ved Primostek.

Lahinja er ein del av elvesystemet til Sava. Frå Knežina til Pusti Gradec, dei første sju kilometrane, renn gjennom Lahinja regionspark.

Kjelder endre

45°38′N 15°18′E / 45.633°N 15.300°E / 45.633; 15.300