Lake Chapman
Lake Chapman er ein innsjø som ligg på The Flatiron ved Granite Harbour og vert undersøkt av University of Waikato. Han er kalla opp etter dr. M. Ann Chapman, ein av dei første kvinnelege forskarane som vitja området kring Rosshavet, og den første kvinna som leia ein vitskapleg ekspedisjon i Antarktis. Dr. Chapman leia eit lag av forskarar frå University of Waikato som arbeidde med limnologi i Antarktis frå 1970 til 1971 og var med på å starte opp det antarktiske forskingsprogrammet til University of Waikato og av New Zealand Limnological Society.
Lake Chapman | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°1′S 162°23′E / 77.017°S 162.383°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lake Chapman 77°01′00″S 162°22′59″E / 77.0167°S 162.383°E | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Chapman» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Chapman, Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).