Lake Hoare
Lake Hoare er ein innsjø kring 4,2 km lang mellom Lake Chad og Canadabreen i Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis. Overflatearealet er 1,94 km2.[1] Innsjøen vart namngjeven av den åttande Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (VUWAE), 1963–64, etter fysikaren R.A. Hoare, eit medlem av VUWAE som utforska sjøane i Taylor, Wright og Victoria Valley.[2]
Lake Hoare | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Andersen Creek | ||
Utløp | ingen | ||
Stad | Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis | ||
• høgd | 73 moh. | ||
- koordinatar | 77°38′S 162°52′E / 77.633°S 162.867°E | ||
Lengd | 4,2 km | ||
Areal | 1,94 km² | ||
Volum | 17 500 000 m³ | ||
Type | endorheisk | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lake Hoare 77°37′50″S 162°52′00″E / 77.630556111111°S 162.86666694444°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Hoare |
Lake Hoare er demnd opp av ei tunge av Canadabreen, og ville elles ha drenert ut i Lake Fryxell, 3 km nordaust på andre sida av bretunga. Lake Chad, som berre ligg 5 meter søraust for Lake Hoare, flyt stundom over og ut i Lake Hoare.
Kjelder
endre- ↑ http://www.mcmlter.org/data/lakes/locations/lakedsc.dat
- ↑ «Hoare, Lake». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hoare, Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).