Rotoroasjøen i Tasman
innsjø i i Tasman, New Zealand
(Omdirigert frå Lake Rotoroa i Tasman)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lake Rotoroa.
Rotoroasjøen (Lake Rotoroa) er ein innsjø som ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National Park på Sørøya på New Zealand. Innsjøen får tilførsle frå elvene D'Urville og Sabine.
Rotoroa | |||
innsjø | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Område | Tasman | ||
Tilsig | D'Urville, Sabine | ||
Utløp | Gowanelva | ||
Koordinatar | 41°52′S 172°38′E / 41.867°S 172.633°E | ||
Byar | Rotoroa | ||
Rotoroasjøen 41°51′00″S 172°38′13″E / 41.85°S 172.637°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Rotoroa (Tasman) |
Den største djupna er 145 meter, og sjøen er fullstendig omvaksen av sørbøkeskog. Rotoroa er ein liten busetnad ved sjøen. Gowanelva renn ut or sjøen her, slik at sjøen er ei av kjeldene til Buller-vassdraget.
Ein gangsti følgjer den nordaustlege breidda til sjøen, og ei taxiferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå turstiane ved sjøen.[1]
Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar. Det ligg ei hytte for flugefiskarar, Lake Rotoroa Lodge, ved sjøen[2]
Namnet rotoroa er maori for 'lang sjø'.
Referansar
endre- ↑ Lake Rotoroa walking tracks, Department of Conservation, New Zealand
- ↑ Lake Rotoroa Lodge.
- Denne artikkelen bygger på «Lake Rotoroa (Tasman)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2014.