Maori
Maori (maori māori, uttalt [ˈmaːɔɾi]) er eit polynesisk språk snakka av maoriar på New Zealand, der det er eitt av tre offisielle språk. Maori er i nær slekt med tahitisk og rarotongansk, noko fjernare med hawaiisk og markesisk, og er endå fjernare i slekt med vestpolynesiske språk, som samoansk, tongansk og niuisk.
Maori te reo Māori | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Sentralt austleg Austleg malayopolynesisk Oseanisk Sentralt austleg Fjerntliggande Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk | |
Bruk | ||
Tala i | New Zealand | |
Maoritalande i alt | 157 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mi | |
ISO 639-3 | mri | |
Wikipedia på maori |
Ved folketeljinga i New Zealand i 2005 var det 157 110 som oppgav at dei kunne ha ein kvardagsleg samtale på maori.[1]
Status
endreMaori er offisielt språk på New Zealand saman med engelsk og newzealandsk teiknspråk.[2] Det fekk offisiell status i 1987 med Maori Language Act 1987. Dei fleste offentlege departement og etatar på New Zealand har tospråklege namn, og New Zealand Post bruker både engelske og maoriske stadnamn i adressar. Maoritalande har rett til å kommunisera med offentlege etatar på maori, men i praksis krev dette som regel bruk av tolk.
I ei kjenning i Det kongelege rådet i Storbritannia frå 1994 blei regjeringa på New Zealand halden ansvarleg for å verna språket etter Waitangitraktaten frå 1840.[3] Sidan mars 2004 har regjeringa derfor finansiert Māori Television som delvis sender på maori. 28. mars 2008 opna Māori Television sin andre kanal, Te Reo, som berre sender på maori, utan undertekstar eller reklame. I 2008 gav Land Information New Zealand ut den første lista over offisielle newzealandske stadnamn med makronar som viser lang vokal.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljinga på New Zealand i 2006
- ↑ Ruth Dyson (6. april 2006). «NZ Sign Language to be third official language» (på engelsk). Ny-Zealands regjering. Henta 9. mars 2011.
- ↑ New Zealand Maori Council v Attorney-General [1994] 1 NZLR 513
- ↑ «New Zealand Gazetteer of Official Geographic Names» (på engelsk). Land Information New Zealand. Henta 9. mars 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Maorisk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2009 og 22. april 2013.