Lakkolitt er ein forholdsvis liten, rundaktig bergartsmasse i djupet, gjerne samansett av granitt, kvartsporfyr eller syenitt. Karakteristisk for lakkolitten er at det opphavlege magmaet har trengt seg inn mellom to lag, slik at det overliggande laget bular opp. I snitt blir difor lakkolitten forma som ein hatt med flat botn. Diameteren er vanlegvis mindre enn 16 km, og tjukkleiken varierer frå nokre hundre meter til nokre få kilometer.

Ein lakkolitt trengjer seg inn i og deformerer eit lag.
Lakkolitt eksponert av erosjon av eit overliggande lag i Montana.

Kjelder endre