Land art
Land art er ei internasjonal (engelsk) nemning på ei retning i moderne kunst som vart etablert på slutten av 1960-åra i USA, og som går ut på å nytte naturen og prosessane i naturen som ein integrert del av eit kunstverk. Andre nemningar for det same er stadkunst, jordkunst, landkunst. Prosjekta var gjerne avgrensa i tid ved å vere utforma som teikn og symbol i snø, i vegetasjonen i åkrar og liknande, eller som meir varige konstruksjonar, ofte i stort format, som skulle utsetjast for vêr og vind utan å verte halde ved like eller reparert. Eit viktig aspekt ved slike kunstverk er dokumentasjonen av dei i form av fotografi og omtale.