Land van Heusden en Altena
Land van Heusden en Altena («Landet Heusden og Altena») er ei øy i estuaret til elvane Rhinen og Maas. Ho ligg i provinsen Noord-Brabant i Nederland og er omringa av elvane Boven Merwede (i nord), Afgedamde Maas (i aust), Bergse Maas (i sør) og Steurgat (i vest). Ho inneheld kommunane Werkendam (den største på øya), Woudrichem (det historiske senteret) og Wijk en Aalburg.
Land van Heusden en Altena | |||
øy | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Land van Heusden en Altena 51°45′17″N 5°02′14″E / 51.754722°N 5.037222°E |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Land van Altena» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.