Opna hovudmenyen

Landon Donovan

amerikansk fotballspelar

Landon Timothy Donovan (fødd 4. mars 1982 i Ontario i California) er ein amerikansk fotballspelar som spelar for Los Angeles Galaxy i den amerikanske proffligaen Major League Soccer, og for det amerikanske landslaget.

Landon Donovan
WikiLando.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Landon Timothy Donovan
Fødd 4. mars 1982
Fødestad Ontario
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbane, ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Los Angeles Galaxy
Nummer 10
Ungdomsklubbar
1999
1999-2001
USA IMG Soccer Academy
Tyskland Bayer Leverkusen
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-05
2001-04
2005-
2009
2010
Tyskland Bayer Leverkusen
USA San Jose Earthquakes (lån)
USA Los Angeles Galaxy
Tyskland Bayern München (lån)
Flag of England.svg Everton (lån)
7 (0)
87 (32)
129 (65)
6 (0)
10 (2)
Landslag
2000
2000-
USA USA U23
USA USA
15 (9)
121 (42)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 2. april 2010

I 1999 vart Donovan kåra til beste spelar i U17-VM. Etter dette skreiv han under for den tyske klubben Bayer Leverkusen. Han var under kontrakt med Leverkusen i seks år, fram til 2005, men i tre år av denne tida var han lånt ut til San Jose Earthquakes i USA. I 2005 vende han tilbake til den amerikanske ligaen på permanent basis, då han skreiv under for Los Angeles Galaxy. Han vart toppskårar i MLS i 2008. Etter dette har han òg vore lånt ut til Bayern München i Tyskland i tre månader i 2009, og til Everton i ti veker i 2010. Under opphaldet i Everton vart han kåra til månadens Everton-spelar i januar.

Donovan er toppskårar gjennom tidene for USA sitt landslag, og er per 2010 den aktive spelaren som har flest landskampar for USA. Han debuterte for A-landslaget til USA 25. oktober 2000 i ein kamp mot Mexico og skåra i debutkampen. Han tok del i fotball-VM i 2002, der han skåra to mål og vart kåra til beste unge spelar i turneringa. Han tok òg del i fotball-VM i 2006. Han spelte sin landskamp nummer 100, 8. juni 2008, berre 26 år gammal.