Langise

langsgåande fenderlist på ripa på ein klinkbygd båt

Langise, eller langvise, er ei langsgåande fenderlist på utsida av ripa på ein del klinbygde båtar. Ei rip kan vere utsett for slitasje av fiskesnøre og samanstøyt med andre båtar. Langisa vernar mot denne slitasjen. Samstundes forsterkar lista båten. Båten vert og stivare. Det gjer at fiskarar som gjerne vil ha hatt ein ledig båt, ikkje har langise.

Her går grove langiser heilt til stamnen på båe sider

Langisa kunne vere med å slå ut sjø som kom opp til ripa, og på den måten kom mindre vatn inn i båten.[1]

Langisa kan vere firkanta, men er oftast avrunda. Ho er ofte laga av ei 15×30 mm list, som er av same treslag som båten er bygd av.

Lista går langs toppen av ripbordet. Ein kan og finne to langiser. Det har ein hatt på ein del jekter. Der er dei laga av grovare materialar.

Kjelder endre

  • Jakob Helset (2016). «Bygging av færing». I Jon Bojer Godal. Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-2008-3. 

Fotnotar endre

  1. Gunnar Eldjarn og Jon Godal (1990). Nordlandsbåten og Åfjordbåten, Bind 2 Nordlandsbåten. Båtstikka D/A, Rissa. s. 150. ISBN 82-90795-025.