Langres er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Haute-Marne i Champagne-Ardenne. Byen har om lag 10 000 innbyggjarar.

Langres
Porten til rådhuset i Langres
Porten til rådhuset i Langres
Porten til rådhuset i Langres
Byvåpenet til Langres
Byvåpenet til Langres
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Haute-Marne
Geografi
Flatevidd 22,33 km²
Flatevidd
 - By

22,33 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 586
  429/km²
Koordinatar 47°51′N 05°20′E / 47.850°N 5.333°E / 47.850; 5.333
Høgd over havet 475 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 52200
Heimeside: www.langres.fr

Historie endre

Som hovudstad i romaniserte keltiske stamma Lingones vart han kalla Andematunnum, og etter kvart Lingones.

Byen er bygd på ein kalksteinsknaus med same namn som byen. Denne skansen var først okkupert av gallarar, og seinare bygde romarane festningsverk i byen som høyrte til den keltiske stamma Lingones. Triumfbogen frå det 1. hundreåret er framleis synleg i byen.

Etter perioden med invasjonar voks byen i mellomalderen, særleg på grunn av at biskopen i byen fekk meir politisk makt. Bispedømet dekte Champagne, Hertugdømet Burgund og Franche-Comté, og biskopane fekk rettane til å prege sine eigne myntar på 800-talet og å peike ut den militære leiaren i byen i 927. Biskopen av Langres var hertug og ein del av adelsstanden i Frankrike. Dei vanskelege åra på 1300- og 1400-talet var årsak nok til at byen forsterka festningsverka sine og Langres gjekk inn i ein periode som kongeleg vergemål. I renessansen, då byen igjen blømde, vart det bygd mange fine bustadar og religiøse og militære bygningar, som framleis står i dag. På 1700-talet bygde Vauban fleire festningsverk i byen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Langres