Opna hovudmenyen

Sébastien Le Prestre de Vauban

fransk ingeniør og arkitekt
(Omdirigert frå Vauban)

Sébastien Le Prestre, Seigneur de Vauban og seinare Marquis de Vauban, ofte berre kalla Vauban, (15. mai 163330. mars 1707) var marskalk av Frankrike og den fremste militæringeniøren i si tid, kjend for å både byggje og bryte gjennom festningar. Han gav òg Ludvig XIV råd om korleis grensene til Frankrike kunne forsterkast og gjerast lettare å forsvare. Vauban kom med det radikale forslaget om å gje opp landområde som var for vanskelege å forsvare, for å danne ei sterkare, og mindre porøs grense mot nabolanda til Frankrike.

Sébastien Le Prestre, Seigneur de Vauban.
Sebastien le Prestre de Vauban.png
Vauban, fransk skulemåleri frå 1700-talet
Nasjonalitet fransk
Fødd 15. mai 1633
Saint-Léger-Vauban
Død

30. mars 1707 (73 år)
Paris

Dødsårsak lungemboli
Yrke arkitekt, militæringeniør
Kjend for Militæringeniør som utforma mange festningsverk
Tittel Maréchal de France

Commissaire général des fortifications (1678–1703)
guvernør av Lille (frå 1668)

Prisar Ordre de Saint-Louis
Sébastien Le Prestre de Vauban på Commons

Han deltok i praktisk talt alle felttoga til Ludvig XIV av Frankrike og var med i rundt 140 slag i felt og 53 kringsetjingar. Han bygde 33 festningar og utbetra meir enn 300. Likevel batt han seg ikkje til noko fast system, men tok omsyn til terrenget i kvart enkelt tilfelle. Prinsippa hans for bastionfestningar har etter han døydde vorte samanfatta i tre ulike system. Vauban førte festningsstrid inn på nye område, men han deltok sjølv aldri i forsvaret av ei festning. Hovudprinsippa i festningstenkinga hans vart vidareførte i ei modifisert form heilt inn på 1800-talet.

Vauban var òg oppteke av økonomiske og statsfinansielle spurnader og kritiserte i anonyme skrifter det samtidige skattesystemet i Frankrike.

Eit utval av 12 av festningsanlegga hans vart i 2008 oppførte på verdsarvlista til UNESCO med namnet Vaubans festningar.

FestningsverkEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sébastien Le Prestre de Vauban

KjelderEndra