Lappischer Wortschatz av Eliel Lagercrantz

ordbok over samiske språk

Lappischer Wortschatz av Eliel Lagercrantz er ei ordbok i to band over alle samiske språk, utgjeve av Finsk-ugriska sällskapet i 1939.

Boka skil seg frå alle andre samiske ordbøker ved at ho handsamar alle dei samiske språka som eitt språk med mange dialektar, 29 dialektar (jf. Lappischer Wortschatz s. 1195 ff.], og for kvart av dei 8859 oppslagsorda er det opplysningar om ordform og uttale for så mange som mogleg av dei ulike dialektane. I tillegg til sjølve den alfabetiske delen inneheld ordboka også eit register over den tyske omsetjinga av oppslagsorda, eit oversyn over fonologien i dei ulike dialektane, og eit tematisk register tilsvarande det som finst i Konrad Nielsen og Asbjørn Nesheim si nordsamiske ordbok.

Ordboka er dermed noko langt meir enn ei ordbok, snarare ei samanfatning av samisk kultur slik han kjem til uttrykk i ordforrådet i dei ulike samiske dialektane.

Bakgrunnsstoff

endre