Largentière
Largentière er ein landsby og kommune sør i sentrale delar av Frankrike i departementet Ardèche, der han er sous-préfecture. Byen ligg i regionen Auvergne-Rhône-Alpes om lag 10 km sørvest for Aubenas, og har om lag 2 000 innbyggjarar.
Largentière | |
---|---|
Slottet i Largentière | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Ardèche |
Geografi | |
Flatevidd | 7,22 km² |
Flatevidd - By |
7,22 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
2 046 283/km² |
Koordinatar | 44°32′N 04°17′E / 44.533°N 4.283°E |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.largentiere.net |
Namnet som han fekk på 1200-talet referer til sølvgruvene som var i drift frå 1000-talet til 1400-talet, og som vart driven av grevane av Toulouse og biskopen av Viviers. Landsbyen var ein travel industriby på 1800-talet, men hovudnæringa i dag er turisme. Jernbanestasjonen her vart rive ned i 1982, så byen er berre tilgjengeleg via bilveg.