Lars Bremnes (1916-)
- For musikaren frå Svolvær, sjå Lars Bremnes.
Lars Bremnes (5. mars 1916–22. februar 2011) var ein norsk fiskar, landhandlar, lokalpolitikar og organisasjonsmann frå Bremnes på Byrknesøy i Gulen kommune. Han er gift med Inga.
Lars Bremnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1916 |
Død |
22. februar 2011 (94 år) |
Yrke | fiskar, politikar |
Inga og Lars Bremnes styrte landhandelen på Bremnes, Bremnes Handel ei stund etter at dei tidlegare eigarane hadde flytt bort. Sidan Lars var mykje borte på fiske, fall mykje av arbeidet på Inga og borna. Men ettersom borna vart vaksne og flytte vekk, gav Lars og Inga Bremnes opp å driva landhandelen, og han vart lagt ned i 1964.
Lars Bremnes var medlem i styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag i 18 år, mykje av tida også nestformann. Bremnes var også medlem av styret i Sogn og Fjordane Fiskesalslag frå 1959 til 1981. Dessutan var han medlem av representantskapen i fiskesalslaget i mange år, også som ordførar. I tillegg har Lars Bremnes vore kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem i åtte år.