Lars Jelsa
Lars Konrad Bjørnsson Jelsa (13. mai 1851–18. juni 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Jelsa i Ryfylke. Han var 1901-06 og 1910-12 stortingsmann for Moderate Venstre.
Lars Jelsa | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mai 1851 Jelsa |
Død | |
Yrke | politikar, bonde, jordskiftedommer |
Politisk parti | Moderate Venstre, Frisindede Venstre |
Jelsa var son til ein gardbrukar. Frå han var 15 til 17 år gammal var han lærar i heimbygda. Faren sende han til landbruksskule på Austrått, ferdig der i 1870. Frå 1873 til 1890 arbeidde han som utskiftingsassistent i Stavanger amt, utskiftingsformann 1884-93 og på ny frå 1895. I 1889 overtok han farsgarden Jelsa og dreiv denne til eldste sonen tok over.
Jelsa var ordførar 1884-91 i Jelsa herad. Valbolken 1895-97 var han fyrste varamann til Stortinget og møtte 1896-sesjonen frå 25. juli i staden for Nikolai Lima. Jelsa hadde fast sete på Stortinget 1901-06 frå Stavanger amt, medlem 1901-03 i Konstitusjonskomiteen og 1904-06 i Vegkomiteen. Han lukkast ikkje å verte vald ved stortingsvalet 1906, men hausten 1909 vart han vald til tingmann frå einmannskrinsen Ryfylke, medlem 1910-12 i Landbrukskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914