Lars Larssen Forsæth
Lars Larssen Forsæth (1759–12. februar 1839) var ein norsk gardbrukar, klokkar og eidsvollsmann frå Klæbu.
Lars Larssen Forsæth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1759 Klæbu kommune |
Død |
12. februar 1839 (79 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Lars Larssen Forsæth på Commons |
Forsæth var gardbrukar på farsgarden Forset heimbygda Klæbu. Frå 1812 var han i tillegg klokkar i Klæbu. Forsæth var også med i forlikskommisjonen. Han stod for bygginga av Klæbu kyrkje, og for bygginga av ei demning i Nidelva. Han er saman med Svend Aspås rekna som arkitekt for Støren kyrkje.[1]
I 1814 var Forsæth utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.
Forsæth vart tildelt både Dannebrog og seinare borgardådsmedaljen. Han døydde på Forset-garden i 1839. Paul Larssen Forsæth var bror hans.
Kjelder
endre- ↑ Avisa Fjell Ljom oppgir Lars Forseth mens Kirkesøk oppgir Claus Larssøn Forseth.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Lars Larssen Forsæth NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv