Klæbu kommune
tidlegare kommune i Trøndelag fylke i Norge
Klæbu kommune er ein tidlegar norsk kommune i Trøndelag fylke. Området grensar i nord til Trondheim kommune, i aust til Selbu kommune og i sørvest til Melhus kommune. 1. januar 2020 blei han slått saman med Trondheim.
Klæbu kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Klæbu | ||
Areal | 186 km² | ||
- land | 177 km² | ||
- vatn | 9 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kirsti Tømmervold (Ap) | ||
Kommunenr. | 5030 | ||
![]() Klæbu kommune | |||
Wikimedia Commons: Klæbu | |||
Nettstad: www.klabu.kommune.no | |||
Geografi Endra
Klæbu ligg 19 km sør for Trondheim. Klæbu har fine naturområde for utfart, Nordmarka og Brungmarka er to døme på det. Selbusjøen ligg au delvis i Klæbu. Nidelva er djupast i Trongfossen ved Hyttfossen i Klæbu med 56 meter og er med dette Norges djupaste elv. Trongfossen er motivet i kommunevåpenet til Klæbu.
Kultur Endra
Sjåverdigheiter Endra
- Stabburet Gårdsbutikk på Moen gård.
- Vassfjellet skisenter ligg berre nokre kilometer frå Klæbu sentrum som det einaste skisenteret i nærleiken av Trondheim.
- Brungmarka, eit stort skog- og fjellområde sør for Selbusjøen.
- Klæbu bygdemuseum på Teigen.
- Tanemsborgen på Tanem, bygdeborg frå førkristen tid som ligg på Tanemsåsen.
- Selbusjøen, innsjø.
Kjende personar frå Klæbu Endra
- Johan Nordahl Brun, biskop og diktar
- Linda Hofstad Helleland, politikar (Høgre).
- Jens Lemvig, prest
- Klaus Sonstad, journalist og radiomann, mest kjend under aliaset Odin Jensenius
- Vilhelm Andreas Wexelsen, teolog og politikar
Galleri Endra
-
Klæbu rådhus
-
TV-mast på Vassfjellet
-
Klæbu kyrkjeFoto: Einar Hjellen