Lars O. Skjulestad

Lars Olsen Skjulestad (29. juli 185624. februar 1927) var ein norsk gardbrukar, skipper og politikar frå Austre Moland. Han var stortingsmann for Høgre i periodane 1903-06 og 1919-27.

Lars O. Skjulestad
Lars Skjulestad..jpg
Fødd 29. juli 1856
Austre Moland
Død

24. februar 1927 (70 år)

Skjulestad var son til ein gardbrukar. Han mønstra på som sjømann i 1872 og tok styrmannseksamen i 1876. Frå 1882 var han skipper i langfart fram til 1891. Ho slo seg då ned i heimbygda Austre Moland og tok over farsgarden Skjulestad.

Skjulestad sat i heradsstyret frå 1894 til 1927. Han var ordførar i Austre Moland 1902-04 og 1908-1922. Nær sagt jamsides representerte han partiet Høyre på Stortinget i fire valbolkar; 1903-06, 1919-21, 1922-24 og 1925-27. Skjulestad var 1903-06 medlem i Militærkomiteen, 1919-21 i Kyrkje- og skulekomiteen, 1922-24 sekretær i Lønningskomiteen og 1925-27 var han atter med i Kyrkje- og skulekomiteen. Skjulestad døydde tidleg i 1927-sesjonen.

KjelderEndra