Lars Olsen

dansk fotballspelar

Lars Christian Olsen (fødd 2. februar 1961) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Glostrup som var kaptein på det danske landslaget som vann fotball-EM 1992 i Sverige. Midtstoppar Olsen vann elles seks seriegull med Brøndby IF og vart både dansk og tyrkisk cupmeister med høvesvis Brøndby IF og Trabzonspor.

Lars Olsen
FIFA WC-qualification 2014 - Austria vs Faroe Islands 2013-03-22 (30).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Lars Christian Olsen
Fødd 2. februar 1961 (61 år)
Fødestad Glostrup i Danmark
Høgd 182 cm
Posisjon Midtback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980-1981 Glostrup
1981-1985 Køge 105 (111)
1985-1991 Brøndby 178 (13)
1991-1992 Trabzonspor 30 (0)
1992-1994  Seraing 62 (0)
1996 Brøndby 20 (1)
Landslag
1986-1996 Danmark 84 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

I tenåra spelte Olsen tredjedivisjonsfotball med det lokale laget Glostrup IF. Frå 1981 til -84 markerte han seg i forsvarsrekka til Køge BK i nasjonal toppfotball. I 1985 melde han overgang til Brøndby, eit lag som vann fem seriemeisterskap i dei åra Olsen spelte på laget frå København. År 1988 vart han elles kåra til årets spelar i Danmark. Sommaren 1991 vart han overført til tyrkiske Trabzonspor. Han vart verande berre ein sesong i Tyrkia, men fekk med seg ein nasjonal cuptriumf. Sidan spelte han to sesongar, 1992-94, i belgiske RFC Seraing, og 1994-95 i sveitsiske FC Basel. Han avslutta spelarkarrieren i 1996 i Brøndby, der han sikra seg sin sjette danske seriemeistertittel.

LandslagsspelEndra

Olsen fekk sin landslagsdebut i april 1986, men det var fyrst i 1987 han tok fast plass i det dansk landslaget. Han deltok i alle tre oppgjera då Danmark rauk ut or EM i fotball 1988 etter innleiingsrunda. Fire år seinare spelte han alle kampane då Danmark gjekk heilt til topps i EM 1992, etter siger 2-0 over Tyskland i finalen. Etter 1994 fekk Olsen sjeldan sjansen på landslaget, og spelte sin 84. og siste landskamp i oppkøyringa til EM 1996. Under sjølve meisterskapen i England sat han ubrukt på benken. Han skåra fire landslagsmål.

MerittarEndra

  • Europameister: 1992 med Danmark
  • Dansk seriemeister: 1985, 1987, 1988, 1990, 1991 og 1996 med Brøndby IF
  • Dansk cupmeister: 1989 med Brøndby IF
  • Tyrkisk cupmeister:1992 med Trabzonspor

KjelderEndra